Navn:
Sted: Haugesund, Norway

Jeg er en nitten år gammel jente som går på allmennlærer-linja ved HSH. På fritiden spiller jeg horn i Haugesund Ungdomskorps.

fredag, september 22, 2006

Ein lærar eg hugse godt

Gjennom barneskulen hadde eg to unge lærarar. Dei var utruleg hyggelege, oppfinnsame og koselege. Då eg begynte på ungdomsskulen blei klassen frå barneskulen delt inn i fire klassar. Då me var og besøkte ungdomsskulen i slutten av 7. klasse blei eg og dei andre i klassen min veldig misfornøyde med læraren. Alle på skulen meinte me hadde fått ein av dei strengaste lærarane, og det syntes me sjølv også. Dei som hamna i C-klassen frå den gamle klassen min fekk snop og teikna første skuledag, mens vår klasse fekk matteoppgåver. Me lurte på korleis me skulle overleva med den strenge læraren vår i 3 år.
Me fekk fort vete at ho blei kalla ”Olivia” av alle på skulen. Grunnen til det var at ho likna utruleg på Olivia i teikneserien ”Skipper’n” Ho var høg og tynn og hadde gamaldags frisyre. Første skuledag hadde ho på seg ein svimlande kjole med svarte og kvite ringar. Dersom me såg for lenge på kjolen hennar blei me svimle. Ho hadde ofte rare klede på seg, og det var alltid like spanande å sjå kva ho hadde på seg. Den kjolen hennar eg hugsar spesielt godt var ein kjole med romertall på. Det var ”tilfeldigvis” same dagen me begynte med romertall i matten. Eg trur ingen har gløymt den kjolen.
”Olivia” var veldig ryddig av seg og ho ville ha god orden i alt. Eg hugsar ho alltid hadde ein blome på bordet og kaffi når det var foreldremøte. I heimkunnskapen var ho ekstremt pirkete. Alt måtte gjerast grundig, og spesielt gutane sleit litt med det.
Etter å ha hatt bare unge lærarar, syntes me frå gamle klassen at ho var veldig gamaldags. Ho visste korleis ho ville ha ting, og ho ville at me sko vere ”perfekte”. Ho fortalde oss mykje om korleis klassen før oss hadde vært og om kor flinke dei var. Etter kvart viste det seg at vår klasse var mykje verre enn alle klassane ho hadde hatt tilsamans. Me var ein ganske umogleg klasse, men læraren vår haldt ut. Eg er ganske overraska at ho klarte å ha oss i 3 år. Me hadde for eksempel forskjellige musikklærarar for kvart år. Det var ingen som ville ha oss trur eg, og det skjønner eg godt.
Det var først i 9. klasse eg fann ut kor fantastisk lærar me hadde fått. Sjølv om me var ein umogleg klasse, var ho hyggeleg, og ho gav oss ikkje opp. Dei så fekk snop første skuledag meinte dei hadde fått den beste læraren, og det meinte alle andre også. Den klassen gjorde alltid kjekke ting, og alle var misunnelege på dei. Men eg meiner at eg fekk den kjekkaste læraren. Ho eg hadde var meir gamaldags og me gjorde ikkje noko spesielt utanom skulen, men eg synes likevel ho var kjekk.
Eg vil nok alltid hugsa Olivia med romertall-kjolen. Ho var ein kjekk lærar, og eg må sei at ho var veldig tålmodig.

1 Comments:

Anonymous Anonym said...

Hei Camilla.
Du forteller om "Olivia" - hva var det ved henne som gjør at du betrakter henne som en god lærer? Hvilke egenskaper hadde hun som du vil ta med deg i din egen framtidige yrkesrolle?
Jeg vil ellers som Birgit si at jeg ser fram til å lese om opplevelsene dine i praksis og om erfaringene du sitter igjen med etter seminardagen. Stå på!
Toril :-)

28 september, 2006 17:36  

Legg inn en kommentar

<< Home