Navn:
Sted: Haugesund, Norway

Jeg er en nitten år gammel jente som går på allmennlærer-linja ved HSH. På fritiden spiller jeg horn i Haugesund Ungdomskorps.

mandag, oktober 02, 2006

Praksisveke

Førre veke hadde eg praksisveke på Tjødnalio skule. Det var eigentleg observasjonsprasksis, men me fekk også delta i nokre timar. Den klassen eg var i førre veke hadde eit opplegg heile veka der dei lærte om Norden på "stasjonar". Det var ganske interessant å sjå på, og me fekk sjå mange forskjellige arbeidsmetodar. Det var også interessant å sjå korleis lærarane takla ulike situasjonar, som til dømes når elevane kjem inn frå friminutt. Lærarane hadde mange ulike måtar å få det stilt når elevane sat i "ringen" framfor tavla. Det var veldig stilig å sjå at læraren roa klassen etter friminutt med ein song. Elevane hadde omtrent ikkje satt seg ned før læraren begynte å synge, og då måtte dei berre vere med dei og.
Det var ei lærerik veke, og me fekk litt utfordringar undervegs. Blant anna fekk me styra ein av stasjonane på "Norden-prosjektet". Då fekk me nokre utfordringar med å få klassen til å konsentrere seg om det de skulle gjere, og få elevane til å halde ut heilt til friminuttet. Me fann ganske raskt ut at det var nødvendig med nøyaktige beskjedar, og me måtte minne dei på ting me sjølv synes er heilt naturleg.
Praksisveka var kjekk, men det var og litt frustrerande. Innleveringane var eit lite problem, men det som var mest frustrerande var at eg ikkje hadde internett. Ei heil veke utan internett var ganske skummelt. Eg trur det blir verre denne veka, men nå kan eg i alle fall jobbe på skulen. Merker at eg er litt avhengig av internett av og til…

1 Comments:

Anonymous Anonym said...

Det er tydelig at du gjennom observasjon har fanget opp ulike måter å få ro på. Også flott at dere fikk litt ansvar.
Det er tydelig at det ble mange ulike beskjeder om hva dere skulle levere etc. Her på Fromter ligger Plan for praksis. Du finner den under Arkiv/Fagplaner. Kanskje den kan være litt oppklarende i forhold til hvem som har ansvar for hva? Ta en titt.
Toril :-)

03 oktober, 2006 18:59  

Legg inn en kommentar

<< Home