Navn:
Sted: Haugesund, Norway

Jeg er en nitten år gammel jente som går på allmennlærer-linja ved HSH. På fritiden spiller jeg horn i Haugesund Ungdomskorps.

torsdag, oktober 12, 2006

Forskjellige intelligensar

I går starta me på ei oppgåve i pedagogikken. Emnet er pedagogisk grunnsyn og læringsteoriar, og eg syntes det virka som ei veldig vanskeleg oppgåve når eg fekk ho. Etter eg har lese litt om emne håper eg at oppgåva ikkje er så avansert likevel.

Me hadde òg litt om dei forskjellige intelligensane som for eksempel visuell, romlig intelligens eller menneskevendt og sosial intelligens. Eg fann ut at eg har musikalsk og rytmisk intelligens, men det bør eg nesten ha siden eg speler i korps… Me fekk også høyre om Boström sine læringsstilar. Dei fire hovudretningane var auditiv, visuell, kinestetisk og taktil. På Tjødnalio brukte dei disse hovudretningane i stasjonsarbeidet dei hadde. For eksempel høyrde dei på kassett på den auditive delen, og dei krøyp på golvet på den kinestetiske delen. Eg tenkte ikkje så mykje på det når eg var i praksis, men etter å ha sett kva formålet med disse stasjonane var, så var det nok ganske lurt. Elevane får lære noko på den måten dei lærer best.

1 Comments:

Anonymous Anonym said...

Det er alltid kjekt når en kan koble det en opplever i praksis med det en lærer om i teorien. Også spennende å finne ut av sine egne læringsstiler. Jeg gleder meg til å høre mer om arbeidet ditt med læringsteorier og pedagogisk grunnsyn, Camilla. Lykke til -
Toril :-)

16 oktober, 2006 20:37  

Legg inn en kommentar

<< Home