Navn:
Sted: Haugesund, Norway

Jeg er en nitten år gammel jente som går på allmennlærer-linja ved HSH. På fritiden spiller jeg horn i Haugesund Ungdomskorps.

lørdag, november 11, 2006

Praksis

No var to veker med praksis over for denne gang. Det har vore kjekt i praksis, men det skal likevel bli godt å komme til skulen igjen. Denne perioden har eg blitt litt meir kjent med elevane, og eg trur dei har blitt meir kjent med meg. Den siste veka har elevane også tatt meir kontakt med oss enn før, og det har vore veldig kjekt.
Me fekk fleire oppgåver enn me hadde sist, og då vart det litt meir spanande. Før praksis syntes eg det virka veldig skummelt å ha ein norsktime aleine, men det gjekk veldig fint. "Diamanten" hjelpte meg med å førebu meg på timen, og det gjorde at eg hadde litt kontroll. Elevane var utruleg flinke til å arbeidde den timen. Det var litt annleis å ha ein time alleine enn å hjelpe til i ein time.
Når eg har vore i praksis har eg sett mange måtar å arbeidde på. Me fekk også sjå litt meir av korleis skuledagen er for elevane. I førre praksisperiode hadde elevane eit stort prosjekt, og me såg ikkje korleis ein vanleg skuledag var. Nå fekk me sjå formingstimar, leselyst-timar, mattetimar, diktat-timar osv.
Det har vore ein spanande periode med mange utfordringar, og det skal bli kjekt å komme tilbake etter nyttår!

1 Comments:

Anonymous Anonym said...

Så fint at du har opplevd perioden som spennende og lærerik. Kjekt å lese at du opplevde diamantskjemat som positivt og at det ga deg en følelse av større kontroll. Å ha en gjennomtenkt plan, gjør det også lettere å improvisere når det er nødvendig. Ta vare på den gode følelsen etter en vellykket norsktime der du hadde ansvaret aleine.
Toril :-)

14 november, 2006 19:45  

Legg inn en kommentar

<< Home