Camillas blogg

Navn:
Sted: Haugesund, Norway

Jeg er en nitten år gammel jente som går på allmennlærer-linja ved HSH. På fritiden spiller jeg horn i Haugesund Ungdomskorps.

fredag, september 22, 2006

Ein lærar eg hugse godt

Gjennom barneskulen hadde eg to unge lærarar. Dei var utruleg hyggelege, oppfinnsame og koselege. Då eg begynte på ungdomsskulen blei klassen frå barneskulen delt inn i fire klassar. Då me var og besøkte ungdomsskulen i slutten av 7. klasse blei eg og dei andre i klassen min veldig misfornøyde med læraren. Alle på skulen meinte me hadde fått ein av dei strengaste lærarane, og det syntes me sjølv også. Dei som hamna i C-klassen frå den gamle klassen min fekk snop og teikna første skuledag, mens vår klasse fekk matteoppgåver. Me lurte på korleis me skulle overleva med den strenge læraren vår i 3 år.
Me fekk fort vete at ho blei kalla ”Olivia” av alle på skulen. Grunnen til det var at ho likna utruleg på Olivia i teikneserien ”Skipper’n” Ho var høg og tynn og hadde gamaldags frisyre. Første skuledag hadde ho på seg ein svimlande kjole med svarte og kvite ringar. Dersom me såg for lenge på kjolen hennar blei me svimle. Ho hadde ofte rare klede på seg, og det var alltid like spanande å sjå kva ho hadde på seg. Den kjolen hennar eg hugsar spesielt godt var ein kjole med romertall på. Det var ”tilfeldigvis” same dagen me begynte med romertall i matten. Eg trur ingen har gløymt den kjolen.
”Olivia” var veldig ryddig av seg og ho ville ha god orden i alt. Eg hugsar ho alltid hadde ein blome på bordet og kaffi når det var foreldremøte. I heimkunnskapen var ho ekstremt pirkete. Alt måtte gjerast grundig, og spesielt gutane sleit litt med det.
Etter å ha hatt bare unge lærarar, syntes me frå gamle klassen at ho var veldig gamaldags. Ho visste korleis ho ville ha ting, og ho ville at me sko vere ”perfekte”. Ho fortalde oss mykje om korleis klassen før oss hadde vært og om kor flinke dei var. Etter kvart viste det seg at vår klasse var mykje verre enn alle klassane ho hadde hatt tilsamans. Me var ein ganske umogleg klasse, men læraren vår haldt ut. Eg er ganske overraska at ho klarte å ha oss i 3 år. Me hadde for eksempel forskjellige musikklærarar for kvart år. Det var ingen som ville ha oss trur eg, og det skjønner eg godt.
Det var først i 9. klasse eg fann ut kor fantastisk lærar me hadde fått. Sjølv om me var ein umogleg klasse, var ho hyggeleg, og ho gav oss ikkje opp. Dei så fekk snop første skuledag meinte dei hadde fått den beste læraren, og det meinte alle andre også. Den klassen gjorde alltid kjekke ting, og alle var misunnelege på dei. Men eg meiner at eg fekk den kjekkaste læraren. Ho eg hadde var meir gamaldags og me gjorde ikkje noko spesielt utanom skulen, men eg synes likevel ho var kjekk.
Eg vil nok alltid hugsa Olivia med romertall-kjolen. Ho var ein kjekk lærar, og eg må sei at ho var veldig tålmodig.

torsdag, september 21, 2006

Læraren sine oppgåver

I pedagogikken i går gjekk me gjennom kva oppgåver læraren har i skulen. Eg syntes det var ein spanande time, og mykje interessant blei sagt. Me fekk høyre om ein manns å heitte Inge Eidsvåg, og me såg nærare på opplæringslova og læreplanen. Inge Eidsvåg sine 10 bod for lærarar kan nok bli viktig når ein skal bli lærar. Eg trur at om ein vil bli ein god lærar, så kan det vere lurt å følgje Inge Eidsvåg sine råd. Når me kom te punkta om opplæringslova blei det ein del diskusjonar rundt om i klassen. Mykje interessant kom fram i løpet av denne timen! Me såg også på kva oppgaver læraren har, og kva ein lærar gjer. Eg lærte mykje nytt denne timen.

Ellers har eg fiksa på feilen min inne i arbeidsboka. No har eg plassert køyrereglane på rett plass i praksismappa.

mandag, september 18, 2006

Nettjegar

No var det på tide å oppdatera bloggen igjen! Siden sist ped-time har eg lagt inn køyre-reglane for praksisgruppa inne på arbeidsboka mi. Det begynner å gå litt kjapt nå å legge til dokumenter på arbeidsboka.
I pedagogikktimen i dag har me jobba med å bli betre nettjegarar. Det var ganske spanande. Eg har lenge klart å søke sjølv på google, men eg har ikkje alltid fått dei søkeresultatene eg ville ha. Etter pedagogikktimen i dag har eg lært meg å søke på nye måter og eg får betre resultater! Ellers blei eg ganske fascinert av google-earth!

onsdag, september 06, 2006

Første oppgåva

No var det ganske lenge sia eg har skrive i bloggen. Eg har funne ut at no ska eg begynna å skrive nynorsk. I går skreiv eg ei oppgåve om kvifor eg vil bli lærar. Eg hadde litt problem med å vite kva eg sko skrive. Eg har lurt på heile veka kva eg sko skrive. Når eg endeleg hadde skrive oppgåva ferdig, klarte eg ikkje å levera ho inn. Eg fekk litt panikk, men når eg prøvde igjen fekk eg det heldigvis til. No har eg publisert oppgåva i arbeidsboka mi...håper eg...